Hemodialyse
Hemodialyse kan være nødvendig ved sterkt nedsatt nyrefunksjon, for å fjerne avfallsstoffer og oppsamlet vann som produseres kontinuerlig og som kan være skadelig for kroppen din. Ved hemodialyse (hemo=blod) renser vi blodet ditt 3–4 ganger i uken med et kunstig nyre-/dialysefilter og en dialysemaskin. De fleste trenger hemodialyse i 4 timer, og legen bestemmer et program som passer for deg.
Før
Dersom det er noko spesielt du må ta omsyn før du kjem til sjukehuset, får du beskjed om det.
Du blir vegen før behandlinga startar for å måle eventuell vektforskjell som kjem av oppsamla vatn etter førre behandling. Deretter set du deg i ein behandlingsstol, og vi måler blodtrykket ditt.
Under
Du sit i ein behandlingsstol ved dialysemaskina under heile behandlinga.
For å kunne reinse blodet ditt treng vi tilgang til blodsystemet. Du får derfor enten ein A/V-fistel (to samankopla blodårar på ein arm) eller eit kateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved halsen.
Ein sjukepleiar koplar deg til dialysemaskina. Dialysen (reinsinga) startar og overskotsvatnet blir gradvis trekt ut i løpet av behandlingstida.
Under dialysen vil litt av blodet ditt (cirka 2 dl) sirkulere i slangesett og dialysefilteret.
Behandlinga varer i 3–5 timar og er nøye overvakt av kontrollfunksjonane i dialysemaskina og av sjukepleiar. Dialysebehandlinga gjer ikkje vondt.
Sjukepleiar er til stades under heile behandlinga og kan lett tilkallast viss du har behov for det. Vi måler blodtrykket ditt undervegs. I løpet av behandlinga kan du sjå på TV, lese o.l.
Når behandlinga er ferdig, får du tilbakeført blodet som er i slangesettet og dialysefilteret, og du blir kopla frå maskina.
Etter
Etter dialysen måler vi blodtrykket ditt og veg deg igjen. Dette for å ha eit utgangspunkt for å måle eventuell vektoppgang til neste behandling som følge av nytt oppsamla overskotsvatn.
Du må ta blodprøver jamleg for å sjekke behovet for behandling og kva effekt behandlinga har.
Kontakt
Bygg 56 i Skien, hovedinngang
Dialysepost Skien
Oppmøtested
Vi holder til i hovedbygningen på sykehusområdet i Skien, henvendelse i hovedekspedisjonen.
Våre åpningstider:
kl. 08.00-15.00 tirsdag, onsdag, torsdag, fredag og lørdag
kl.08.00-21.45 mandag

Bygg 56 i Skien, hovedinngang
Ulefossveien 55
3710 Skien
Åpningstider
- I dag 7:30 AM - 3:00 PM